Velkomen

  Kontakt oss

  Tilbod

  Bli elev

  Opptaksreglar

  Venteliste

  Undervisninga

  Betaling

  Elevreglement

  Skulerute

  Kor og korps

  Tilsette

  Historie

                             

Bli elev!

For å kunne bli elev i kulturskulen, må du sende søknad (påmelding). Dette kan gjerast når som helst – heile året. Men vi har eit hovudopptak om våren, og for å vere med på det, er søknadsfristen 1. mai. Det betyr at alle søknader som kjem frå 2. mai det eine året fram til 1. mai året etter, blir med på hovudopptaket om våren (så sant dei ikkje får plass i løpet av skuleåret).


I løpet av skuleåret blir det vanlegvis ledig nokre plassar når elevar sluttar, men normalt er det heller få søkjarar som får plass utanom hovudopptaket.


Slik søkjer du:

Søknad vil vi helst ha skriftleg, slik at alle naudsynte opplysningar kjem med.

Søknaden kan sendast på fleire måtar:

Elektronisk skjema: klikk på linken nedanfor, fyll ut og send.

Papirskjema: klikk på ein av linkane nedanfor og skriv ut skjema, fyll ut og send det i posten eller på telefax.

Papirskjema vil ein elles kunne få på Servicetorget, skulane og biblioteka, eller få tilsendt ved å kontakte kulturskulekontoret.

E-post går òg bra, berre ein passar på å få med alle naudsynte opplysningar.


Elektronisk skjema

Papirskjema                      Papirskjema.pdf