Velkomen

  Kontakt oss

  Tilbod

  Bli elev

  Opptaksreglar

  Venteliste

  Undervisninga

  Betaling

  Elevreglement

  Skulerute

  Kor og korps

  Tilsette

  Historie

 

                             

Elevreglement

1. Elevar som vil delta i undervisninga ved kulturskulen, skal innmeldast på fastsett skjema som vert underteikna av føresette.

2. Skuleåret er inndelt i semester. Det første er frå skulestart om hausten til jul, og det andre er frå nyttår til sommarferien. Kulturskulen følgjer i hovudsak skuleruta til grunnskulen.

3. Elevkontingenten vert betalt for eit halvt år om gongen. Økonomikontoret sender ut rekning vår og haust. Om kontingenten ikkje vert betalt til rett tid, kan eleven miste retten til undervisning.

4. Elevar som får vidaregåande undervisning, må delta i ensemblegrupper når læraren finn at dette er mogleg/ønskjeleg.

5. Elevar som ønskjer å slutte, kan gjere dette ved utgangen av kvart semester. Oppseiinga må vere skulen i hende seinast 1. desember og 1. juni.

Elevar som sluttar midt i eit semester, betaler kontingent i høve til tida han/ho har vore elev (runda av oppover til næraste 100 kr) dersom plassen straks kan fyllast med ein ny elev. Vert plassen ståande tom, må halv semesterkontingent betalast dersom eleven sluttar før 15. okt./15. mars, og full semesterkontingent dersom han/ho sluttar etter 15. okt./15. mars.

6. Elevar kan få permisjon frå undervisninga på følgjande vilkår:permisjonen skal starte frå nytt semester (haust eller vår):

7. Dersom ein elev er borte frå undervisninga fleire gonger utan gyldig grunn, om han/ho viser lite interesse for skulearbeidet eller har dårleg framferd, kan kulturskulen, etter tilråding frå rektor, stengje eleven ute frå undervisninga.

Innbetalt semesteravgift vert i slike høve ikkje betalt tilbake.

8. Vert eit instrument som høyrer skulen til, skadd ved eit uhell, skal ein straks melde frå til rektor. Dersom skaden kjem av uforsiktig behandling, må eleven sjølv betale reparasjonen.