Velkomen

  Kontakt oss

  Tilbod

  Bli elev

  Opptaksreglar

  Venteliste

  Undervisninga

  Betaling

  Elevreglement

  Skulerute

  Kor og korps

  Tilsette

  Historie

  Tilbakemelding

                             

Historikk

Haram kulturskule kom i gang hausten 1987 – då med namnet Haram kommunale musikkskule. Og dei første elleve åra av denne historia, var det berre musikkaktivitetar det handla om.

Det vart frå starten av gitt tilbod i mange ulike instrument, i tillegg til musikkbarnehage for dei under skulealder. Og forutan musikkskulen sine eigne undervisningstilbod, kunne kor og korps leige dirigentar og lærarar til aspirantar frå musikkskulen.

I vedtaket sitt om oppretting av musikkskule, sa kommunestyret at tilbodet skulle vere desentralisert. Såleis har det vore (og er framleis) undervisningstilbod i dei fleste av bygdene våre.

Frå hausten 1998 kom andre kulturfag enn musikk inn i musikk-/kulturskulen; det var teikning/måling, drama og keramikk, og frå hausten 2000 fekk vi med dans og film. Som ei naturleg følgje av dette, vart det på nyåret 2001 bestemt å endre namn til Haram kulturskule.

I skrivande stund har vi undervisningstilbod i faga musikk (som er "storebror"), dans, drama/teater, film og teikning/måling.

Frå starten i 1987 og fram til 2003 høyrde kulturskulen til skulesektoren i kommunen. Men ved ei omorganisering av den kommunale drifta, vart kulturskulen lagt inn under den nyskipa eininga Kultur og miljø frå 1. januar 2003.

Lovfesting

I 1997 vart det lovfesta at alle kommunar skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod, anten åleine eller i samarbeid med andre kommunar. Dette er slått fast i Opplæringslova § 13 og sikrar at alle kommunar pliktar å gi eit slikt tilbod.

Kulturskulen har aldri hatt eigne lokale, men brukar skulane rundt i bygdene til undervisning. Kontoret var dei første åra i lag med skulekontoret på Hatlehols Trykkeri, seinare på Hildre Fiskevegn sitt bygg, og endå seinare på gamleskulen i Brattvåg. Deretter vart det flytting til "Teknisk etat" (Johansen-bygget i Skjelt-Iver bakken) i samband med overføring til ny kommunal eining. Våren 2006 fekk vi kontorplass i Ingebrigt Davik-huset (kulturhuset) i Brattvåg, i tillegg til eit lite rom til notebibliotek og lager.

Noko av undervisninga i kulturskulen (drama/teater og film) går også føre seg i Ingebrigt Davik-huset.

Frå 1. januar 2004 var det slutt på det øyremerka statstilskotet til kommunale kulturskular. Staten hadde sett ei øvre grense på elevkontingenten på 1.600 kroner pr. år som eitt av vilkåra for å få tilskot. Då det øyremerka tilskotet fall vekk, var kommunane fri til å setje opp prisen, og det gjorde dei. Her i Haram kom kontingenten i løpet av eit års tid opp i 2.000 kroner året, der han ligg no.