Kulturskulen er 25 år i 2012!      

Vi markerte dette m.a. ved ein miniturné 18. og 20.04.12.

Vi heldt 4 konsertar og reiste til  skulane på Haramsøy, Lepsøy, Søvik og Hildre.

Frå 2. turnédag, fredag 20.04. Konsert i Søvik med elevar frå kulturskulen. Vi gratulerer med fine innslag! Takk til skulane som tok godt imot oss! Du kan finne fleire bilete på Facebook.

 

 

  Velkomen

  Kontakt oss

  Tilbod

  Bli elev

  Opptaksreglar

  Venteliste

  Undervisninga

  Betaling

  Elevreglement

  Skulerute

  Kor og korps

  Tilsette

  Historie

  Arkiv

 

                             

Velkomen til kulturskulen!

 

Avslutningskonsertane til sommaren, v. 24:

11.06: Bygdestova, Eidet kulturhall 17.00 og 19.00

12.06: Brattvåg b. skule 17.00 (m.dans) og 19.00.

13.06: Haramsøy samfunnshus 18.00.

14.06: Søvik skule 18.00 (m. teikning).

Skuleåret 2012/13: (Søknadsfrist 1. mai!)

Endå om formell søknadsfrist for neste år er ute, kan ein likevel søkje fram til skulestart. Ein vert sett på ventelista, og får plass når det vert ledig.

Teater var det visst lita interesse for no (berre ein ny søknad), så kulturskulen vil vente og sjå om det vert mange søknader før vi vurderer å starte opp ei teatergruppe.


 

 

 

 

Opplæring i kunst og kultur har svært stor betydning for enkeltpersonar og samfunnet.

Les her om ei undersøking som viser dette.

                   Skulerute

For å søkje om plass i kulturskulen, gå til sida Bli elev.  Der får du informasjon om korleis du kan søkje, og du finn både elektronisk søknadsskjema og skjema til å skrive ut.


Lærarane finn du namn, adresse og telefon til ved å klikke på linken "Tilsette" (til venstre).


Brukarundersøking i kulturskulen

Er no snart ferdig med etterarbeidet med spørjeundersøkinga, og skal leggje ut resultatata på heimesidene til kulturskulen så snart dette er klart.

Frå og med denne veka og i veke 5 vil elevane få med seg ein konvolutt heim. I denne ligg ei anonym spørjeundersøking om kulturskulen. Vi vil gjerne at eleven og ein av foreldra fyller ut skjemaet i lag og legg det i konvolutten, klebar igjen, og leverer til kulturskulelæraren neste time, eller set på frimerke og sender det med vanleg post. Dette er eit ledd i utviklingsarbeidet vi er i gang med for ti kulturskular på nordre Sunnmøre.

Kvifor? For å prøve å sikre god kvalitet på tilboda og kanskje utvikle dette skuleslaget og bli endå betre i framtida.