
Kor og korps
Kor og korps kan kjøpe musikalske tenester frå kulturskulen. Det gjeld dirigent til koret/korpset og lærar til aspirantopplæringa i skulekorps.
Ein dirigent kan ha inntil 15% stilling gjennom kulturskulen. Denne øvre grensa for stillingsstorleiken er sett for å avgrense ressursbruken til dirigentverksemd sidan det er så mange korps i kommunen.
Likeins er det sett ei øvre grense på 2 timar pr. veke til aspirantopplæring pr. korps. Her kan ein likevel kjøpe fleire timar mot å betale full refusjon for alle lønsutgiftene for ekstratimane.
I skrivande stund er det 5 skulekorps, men ingen vaksnekorps eller songkor som har dirigent gjennom kulturskulen. 9 skulekorps (av totalt 9 i kommunen) har lærar frå kulturskulen til aspirantopplæringa.
Betalingssatsar:
Nesten halvparten av timeressursane i kulturskulen går til kor og korps.
Men dei får det ikkje gratis. For tida er det slike prisar for kjøp av tenester frå kulturskulen:
Aspirantopplæring: kr. 220,- pr. time.
Dirigent: kr. 310,- pr. time.
Med "time" er det meint netto tid til undervisning eller øving/dirigering.
Det er kommunestyret som fastset timesatsane.
Oversyn over kor og korps kan du finne ved å klikke på følgjande link:
(som ligg på Haram kommune sine heimesider).