Velkomen

  Kontakt oss

  Tilbod

  Bli elev

  Opptaksreglar

  Venteliste

  Undervisninga

  Betaling

  Elevreglement

  Skulerute

  Kor og korps

  Tilsette

  Historie

 

                             

Opptaksreglar

Det er ikkje laga absolutte reglar for opptak til kulturskulen – altså reglar for kven som skal få plass og kven som må vente – når det er konkurranse om plassane (og det er det som regel).

Men nokre kriterium for kva som skal telje med ved vurderinga av opptaket, er laga (det var det for lengst avgåtte musikkskulestyret som gjorde det i si tid). Dei momenta som tel med når nye elevar skal plukkast ut frå søkjarlistene, er:

  • Om søkjaren har søkt før (står på venteliste)

  • Om søkjaren har vore elev i kulturskulen før (t.d. musikkbarnehage)
  • Alder
  • Kva instrument/disiplin det vert søkt på
  • Omsyn til gruppesamansetjing
  • Faglege ressursar i kulturskulen
  • Geografiske omsyn
  • Born i grunnskulealder (6 til 15 år i opptaksåret) vert prioritert (gjeld ikkje musikkbarnehage)
  • Kjønn (for å kvotere inn gutar sidan det er stort jentefleirtal i kulturskulen)

  • Det er ikkje sagt noko om kor stor vekt kvart av momenta skal ha, så ein del skjøn vil alltid vere med i biletet (skjønet er det i hovudsak rektor som utøver).

    Men alder har større vekt enn søkjedato, slik at eldre søkjarar i mange tilfelle går framom yngre med tidlegare søkjedato.