Velkomen

  Kontakt oss

  Tilbod

  Bli elev

  Opptaksreglar

  Venteliste

  Undervisninga

  Betaling

  Elevreglement

  Skulerute

  Kor og korps

  Tilsette

  Historie

 

                             

Undervisninga

Kulturskulen har ikkje eigne lokale, men låner rom rundt om på skulane til undervisninga. I tillegg brukar vi Bygdastova i Eidet kulturhall og lokale på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg både til undervisning og framsyningar.

Kommunestyret har bestemt at kulturskulen skal vere desentralisert, slik at elevane kan få undervisning der dei bur i størst mogleg grad. Tanken bak er at spreidd busetnad og lange reiseavstandar ikkje skal hindre folk i å kunne nytte seg av tilboda i kulturskulen.

Det seier seg likevel sjølv at alle tilbod ikkje kan leggjast til alle bygder. Pianoundervisning og aspirantopplæring finst i dei fleste grendene, medan andre tilbod er lagt til ein eller få stader. I alle høve prøver vi å ta omsyn til kvar elevane bur når undervisningsstaden vert bestemt.

Alle skal ha ei fast undervisningsøkt, som hovudregel ein gong i veka (teikning/måling har samling annakvar veke). Kulturskulen prøver så langt råd å tilpasse tidspunktet for timen så det høver best mogleg for elevane, men perfekt tilpassing for alle er vanskeleg å få til. Dermed blir det alltid nokon som må leve med eit ukurant tidspunkt – i alle fall for ei tid.

Den faste undervisningsøkta kan vere einetime med læraren (mest vanleg på piano, t.d.), eller det kan vere større eller mindre grupper (aktuelt for t.d. gitarundervisning). "Timen" kan ha varierande lengde utifrå fleire forhold – som gruppestorleik, type aktivitet, alder og nivå på elevane m.m.


 

På undervisningstimane skal elevane få vise kva dei har fått til sidan sist (gjeld særleg musikkelevane), og læraren skal vise, fortelje og rettleie elevane om det dei arbeider med. Det er viktig å vere klar over at innøvinga av stoffet (gjeld særleg musikk) må skje heime – mellom undervisninstimane.

Faste, gode øvingsrutiner er svært viktig for utvikling og framgang!

Konsertar/framsyningar er å sjå som ein del av undervisninga. For eleven er det viktig å få vise andre kva han kan, samtidig som framføringa hans er eit bidrag til det lokale kulturlivet. Skulering i det å vise seg fram og gi av seg sjølv, er såleis av stor betydning for eleven si utvikling som "kulturperson" og dermed for hans innsats i det framtidige kulturlivet.

To konsertar/framsyningar i året er obligatorisk: før jul og ved skuleavslutning om våren. I tillegg er det mange av elevane som deltek på andre konsertar og tilstellingar – alt frå basar til 17. mai, kommunestyremøte og kyrkjelege handlingar, kurs og pensjonistmøte m.m.