
Venteliste
Det er til ei kvar tid fleire søkjarar til kulturskulen enn som kan takast inn, og dei som ikkje får plass med ein gong, vert sett på venteliste.
Somme tilbod er meir populære enn andre, og særleg er det mange som søkjer piano og gitar. På desse instrumenta er det då også lengst venteliste (sjølv om vi også har flest elevar nettopp på piano og gitar).
Det hender vi får søknader på aktivitetar/disiplinar vi ikkje kan gi tilbod i (p.g.a. mangel på lærar, for få søkjarar o.a.); desse søkjarane kjem òg på venteliste sjølv om dei kanskje aldri vil bli opptekne som elevar. For å unngå at nokon blir ståande på venteliste i årevis, sanerer vi av og til listene ved å slette dei som har stått der i t.d. to år utan å få plass (før sletting får alle spørsmål om dei likevel ønskjer å stå på ventelista framleis).
Ventelista varierer heile tida: nye søknader kjem inn, og andre går ut når dei får plass som elev. I skrivande stund (juli 2011) er det ca. 70 søkjarar på venteliste, som søkjer på til saman 88 plassar. Søknadene fordeler seg slik:
|
GITAR |
24 |
PIANO |
12 |
|
FLØYTE |
2 |
FIOLIN |
3 |
|
SONG |
4 |
TEIKNING/MÅLING |
17 |
|
TROMMER |
6 |
FILM | 5 |
|
Drama/teater |
6 |
ANDRE |
8 |